2 research outputs found
In Limbo, or, The Protracted Death of the Novel: William Gaddis’s J R and the Precarious State of Postmodern Literature
Postponed access: the file will be accessible after 2021-05-15Eksperimentell postmodernistisk litteratur blir framleis møtt med skepsis og skuldingar om irrelevans, også av tonegjevande litteraturkritikarar som Fredric Jameson, som rangerer litteratur under resterande kunstarter i postmoderniteten. Denne masteroppgåva tek for seg dei særeigne kvalitetane til eksperimentell postmodernistisk litteratur med utgangspunkt i romanen J R (1975) av William Gaddis. Denne romanen særmerkast av å være skriven som ein samanhengande dialog, med berre sjeldne innslag av ei narrativ stemme som att på til forsømer den tradisjonelle deskriptive rolla til fordel for å berre være endå ei stemme i samtalemylderet. Dette gjenspeiler Jean-François Lyotards idear om den aukande ugyldigheita til metanarrativ. Med omsyn til dette illustrerer J R korleis romanen, som på det mest konservative presenterast i form av eit strukturert narrativ formidla av ein allvitande forteljar, kan fornyast til auka fleksibilitet for å holde relevans ved lag i postmoderniteten. Ved å presentere teksten så upartisk som mogleg, opnar den seg for ei rekke tolkingar slik at lesaren bidrar til kunstverkets skaparhandling. Lesehandlinga, som i dei mest tradisjonelle tilfella er ei passiv oppleving der forfattaren formidlar eit fullbyrda produkt til lesaren, skiftast her ut med ein dialektisk, aktiv prosess der lesaren og teksta inngår i eit gjensidig forhold. Vidare opnar den ekskluderande autoriteten til ei narrativ stemme for at mindre narrativ i teksten kan nærstuderast, mens større, meir eksplisitte narrativ kan sidestillast, ettersom dialogen ofte består av lange, tilsynelatande trivielle tema. Sjølve oppgåva er delt inn i fire deler. Første del giv ein oversikt over romanens kontekst, postmodernistiske preg og narratologiske særtrekk. Andre del tek for seg entropi, eit dominerande tema i romanen, samt dei ekstralitterære implikasjonane dette inneberer. Tredje del tek for seg dei filmatiske parallellane i romanen. Fjerde del tek for seg den singulære posisjonen til J R i litteraturhistoria; til tross for at Gaddis i aukande grad blir betrakta som ein av dei leiande postmodernistiske forfattarane, har han aldri fått merksemd hos eit større publikum utanom akademiske kretsar i motsetning til forfattarar som Don DeLillo og Thomas Pynchon. Eg vil derfor undersøke arven etter J R, om der er nokon, og parallellane mellom J R og Pynchons hovudverk, Gravity’s Rainbow (1973). Sjølv om J R tilbyr eit alternativ til den dominerande romanstilen, kan det være at romanen berre er eit unntak til regelen, noko som understrekast av romanens avgrensa lesekrets og den snarare indirekte enn direkte innverknaden til Gaddis.Engelsk mastergradsoppgåveMAHF-LÆFRMAHF-ENGENG35
In Limbo, or, The Protracted Death of the Novel: William Gaddis’s J R and the Precarious State of Postmodern Literature
Eksperimentell postmodernistisk litteratur blir framleis møtt med skepsis og skuldingar om irrelevans, også av tonegjevande litteraturkritikarar som Fredric Jameson, som rangerer litteratur under resterande kunstarter i postmoderniteten. Denne masteroppgåva tek for seg dei særeigne kvalitetane til eksperimentell postmodernistisk litteratur med utgangspunkt i romanen J R (1975) av William Gaddis. Denne romanen særmerkast av å være skriven som ein samanhengande dialog, med berre sjeldne innslag av ei narrativ stemme som att på til forsømer den tradisjonelle deskriptive rolla til fordel for å berre være endå ei stemme i samtalemylderet. Dette gjenspeiler Jean-François Lyotards idear om den aukande ugyldigheita til metanarrativ. Med omsyn til dette illustrerer J R korleis romanen, som på det mest konservative presenterast i form av eit strukturert narrativ formidla av ein allvitande forteljar, kan fornyast til auka fleksibilitet for å holde relevans ved lag i postmoderniteten. Ved å presentere teksten så upartisk som mogleg, opnar den seg for ei rekke tolkingar slik at lesaren bidrar til kunstverkets skaparhandling. Lesehandlinga, som i dei mest tradisjonelle tilfella er ei passiv oppleving der forfattaren formidlar eit fullbyrda produkt til lesaren, skiftast her ut med ein dialektisk, aktiv prosess der lesaren og teksta inngår i eit gjensidig forhold. Vidare opnar den ekskluderande autoriteten til ei narrativ stemme for at mindre narrativ i teksten kan nærstuderast, mens større, meir eksplisitte narrativ kan sidestillast, ettersom dialogen ofte består av lange, tilsynelatande trivielle tema. Sjølve oppgåva er delt inn i fire deler. Første del giv ein oversikt over romanens kontekst, postmodernistiske preg og narratologiske særtrekk. Andre del tek for seg entropi, eit dominerande tema i romanen, samt dei ekstralitterære implikasjonane dette inneberer. Tredje del tek for seg dei filmatiske parallellane i romanen. Fjerde del tek for seg den singulære posisjonen til J R i litteraturhistoria; til tross for at Gaddis i aukande grad blir betrakta som ein av dei leiande postmodernistiske forfattarane, har han aldri fått merksemd hos eit større publikum utanom akademiske kretsar i motsetning til forfattarar som Don DeLillo og Thomas Pynchon. Eg vil derfor undersøke arven etter J R, om der er nokon, og parallellane mellom J R og Pynchons hovudverk, Gravity’s Rainbow (1973). Sjølv om J R tilbyr eit alternativ til den dominerande romanstilen, kan det være at romanen berre er eit unntak til regelen, noko som understrekast av romanens avgrensa lesekrets og den snarare indirekte enn direkte innverknaden til Gaddis