«Lutefiskens lengsel mot havet»: Profil-fofattarene sin bruk av humor i kampen om det litterære feltet

Abstract

In this article, I investigate works of fiction by three prominent authors affiliated with the zeitschrift Profil in the 1960s: Dag Solstad, Einar Økland and Jan Erik Vold. The texts I focus on, are all humorous, and this humour is used to criticise poetic practices different from the Profil-group’s own poetic program. The criticism is aimed at the idealistic tradition, moralistic literature, national romanticism, use of particularly ‘poetic’ motives, symbolic language and elevated, poetic language. Along with analyses of the Profil writers’ own texts, I also look at examples of these criticised ways of writing, by Paal Brekke, Arnulf Øverland, Erling Christie, Tore Ørjasæter And A.O. Vinje. And I point at two international sources of inspiration, Werner Aspenström and Lewis Carroll. The overall point is that the Profil writers don’t focus on one main opponent, but instead reach for a big variety of literary practises in their humorous interaction with tradition.I denne artikkelen undersøker eg skjønnlitterære tekstar av tre sentrale forfattarar knytte til tidsskriftet Profil på 1960-talet: Dag Solstad, Einar Økland og Jan Erik Vold. Dei tekstane eg fokuserer på, er alle kjenneteikna ved at dei er humoristiske, og at dei på ulike måtar nyttar denne humoren til å kritisera andre lyriske skrivemåtar enn den som kjenneteiknar Profil-gruppa sin eigen poetikk. Nærmare bestemt handlar det om kritikk av den idealistiske tradisjonen; kritikk av den moraliserande litteraturen; kritikk av nasjonalromantikken; kritikk av særlege, poetiske motivkrinsar; kritikk av symbolbruk; og kritikk av høgstemd, poetisk særspråk. Saman med analysane av Profil-forfattarane sine tekstar, går eg inn på døme på desse kritiserte skrivemåtane, av Paal Brekke, Arnulf Øverland, Erling Christie, Tore Ørjasæter og A.O. Vinje. Og eg peikar på to internasjonale inspirasjonskjelder, Werner Aspenström og Lewis Carroll. Det overgripande poenget er at Profil-forfattarane ikkje fokuserer på éin hovudmotstandar, men femner særs vidt i sin humoristisk-kritiske omgang med tradisjonen

Similar works

This paper was published in Septentrio Academic Publishing.

Having an issue?

Is data on this page outdated, violates copyrights or anything else? Report the problem now and we will take corresponding actions after reviewing your request.