Article thumbnail

Overgangsprosessen med start i barnehagen for små barn – moglegheiter for brubygging mellom heim og barnehage. Ein kvalitativ intervjustudie med personale og foreldre om overgangsprosessen

By Berit Huse

Abstract

Tema i denne studien er barnehagen sin praksis for overgangsprosessen med start for deiyngste barna, og foreldre og personale sine erfaringar og opplevingar omkring denne praksisen. Søkjelyset er retta mot dei yngste barna i barnehagen, der ein har fylgt barnehagen sin praksis for overgangsprosessen i samband med tre eittåringar sin start i barnehage. Undersøkinga si problemstilling er: Kva er barnehagen sin praksis for overgangsprosessen for dei små borna og korleis erfarer og opplever foreldra og personalet denne? Undersøkinga er gjennomført som kvalitativ studie med fokusgruppeintervju og individuelle intervju, samt analyse av dokument barnehagen brukar i overgangsprosessen. Dokument som er samla inn består av barnehagen sin skriftlege kommunikasjon med foreldre i samband med denneovergangsprosessen, samt Power Point brukt i foreldremøte. Tal frå Statistisk sentralbyrå (2020) syner at andel barn 1-2 år som går i barnehage var 84,4 %i 2019. Praksis for overgangsprosessen vil vere av betyding for korleis overgangen vert erfart og opplevd av borna, foreldre og personale. Resultat i denne undersøkinga viser at Veslebakken barnehage og avdeling Solstova sin praksis for overgangsprosessen med borna sin start i barnehagen legg til rette for grunnleggande forbindelsar og prosessar mellom heim og barnehage før borna startar i barnehagen. Forbindelsane består av møtepunkt og kommunikasjon mellom heim og barnehage og gjer det mogleg for foreldre og personale kvar for seg og saman å førebu borna sin start i barnehagen. Desse resultata blir analyserte og tolka i lys av den bioøkologiske modellen av Bronfenbrenner (1979, 2005). Det synest vere ein samanheng mellom tidlegare erfaringar og opplevingar og forventningar til overgangsprosessen i fasane før, under og etter borna sin start i barnehagen. For nye foreldre og foreldre som har opplevd utfordrande overgangar tidlegare, synest forbindelsane og prosessane å vere av større betyding enn hos foreldre som har gode erfaringar og opplevingar frå tidlegare overgangar. Studien finn også ein samanheng mellom barnehagensin praksis for overgangsprosessen og både foreldre og personale si oppleving av ein positiv overgang frå heim til barnehage for dei yngste borna

Publisher: Høgskulen i Volda
Year: 2020
OAI identifier: oai:bravo.hivolda.no:11250/2663863
Download PDF:
Sorry, we are unable to provide the full text but you may find it at the following location(s):
  • https://hdl.handle.net/11250/2... (external link)

  • To submit an update or takedown request for this paper, please submit an Update/Correction/Removal Request.

    Suggested articles