Tonelagsskilnad i islendsk i Tridje grammatiske avhandling

Abstract

Medan størsteparten av dei skandinaviske målføri skil millom tvo ulike tonelag i fleirstava ord, eller hev ein opposisjon som gjeng attende på ein slik tonelagsskilnad (dansk stød), finst det ikkje i dag noko tilsvarande i islendsk og færøysk. Det hev vore dryft serleg um islendsk hev havt tonelagsskilnaden fyrr og so mist honom, men ingi av dei indisii som til no hev vore dregne inn i diskusjonen, kann segjast å ha avgjort saki. I denne artikkelen vert det peika på dei provi som den tridje grammatiske avhandlingi gjev i denne samanhengen. Avhandlingi, som er frå midten av 1200-talet og er skriven av Ãâláfr Þórðarson, innheld ei tilmåting av aksentreglane hjå dei latinske grammatikarane til islendsk, men denne teoretiske bolken gjev ikkje nokor avklåring av spursmålet um tonelag. Det er i umtalen av språklege avvik (barbarismar) i nokre skaldevers at Ãâláfr nyttar ei aksentuering som synest å visa til tonelag. Det er serskilt i påpeikingi av skilnaden på 1bænum, dat.sg. b.f. av bær m. ââ¬Ëgardââ¬â¢, og 2bænum, dat.pl. ub.f. av bæn f. ââ¬Ëbønââ¬â¢, at han berrlegg tonelagsopposisjonen

Similar works

Full text

thumbnail-image

Novus - Online tidsskrifter (Novus forlag)

Provided a free PDF
oai:ojs.uaex.com:article/293Last time updated on 12/15/2019View original full text link

This paper was published in Novus - Online tidsskrifter (Novus forlag).

Having an issue?

Is data on this page outdated, violates copyrights or anything else? Report the problem now and we will take corresponding actions after reviewing your request.